- Spanande å høyre at løysinga vart fyrst brukt på vesle Kvamskogen, og at sjølv oss frå bygda kan vere innovative og moderne! Vi har tidlegare ikkje vore klar over at løysinga fantes, og har difor ikkje kunne foreslått det. Schüco er eit seriøst føretak, som etter alt å døme leverer god kvalitet, så det var difor vi tok kontakt. Og Kebo Glass var ein solid leverandør på dette prosjektet. Det kom også folk frå Schüco i Tyskland for å hjelpe med kompetanse på løsningen. Med innreiserestriksjonar var ikkje det bare enkelt. Utsettingane var likevel ikkje så gale at det gjekk ut over leveringsdato av hytta, og kunden fekk feire si fyrste jul på Kvamskogen det året.
Hjørneløysinga var ynskjeleg nettopp fordi den var innovativ og nytenkande, samtidig som vi på ein god måte klarte å knyte saman ute- og inneområdet. Altså ei meir fysisk samanknyting enn eit hjørnevindauge vil oppnå.